Utskrift

av Audun HjellvikTempelet

 

Bibelen er ikkje berre ei tjukk bok.

 

Den er og ei glitrande Guds bok til oss full av lærdomar av ulikt slag. Den gudinspirerte apostelen Paulus skriv til dei heilage i Rom at alt som er skrive før, er skrive oss til lærdom (Rom.15,4). Pensum for oss i "Himmelrikskulen" er stort og verdifullt. (2.Tim.3,16-17). I lys av dette vert GT meir enn interessant.

 

Og i dag tek me ein snartur innom kongetida. Asa, Joas, Akas og Hiskia (Esekias) er fire svært ulike kongar som styrte i Sørriket i periodar innanfor tidsrommet frå ca 910 til ca 685 f. Kr. Alder, regjeringstid, bakgrunn, karakter og omtale varierte, men det er eit felles trekk med desse fire, - som ein kan undra seg over. Alle fire kjem opp i vanskar, og alle fire prøver løysa problema på same måte. Ingen av dei spør Herren om vegleiing eller hjelp. Ser ut som dei ville ordna opp sjølve, og då vart løysinga både galt og vondt.

 

Problema desse fire kongane møtte, var forbunde med truslar frå fiendefolka rundt dei. Ikkje spøk når fienden synest vera både større og mektigare enn ein sjølve. Korleis då unngå katastrofe?

BetalingBibel lfter

Løysinga kongane syntes vera den beste, var å KJØPA seg ut av problema, enten ved å kjøpa hjelp av andre folk sine hærar, eller ved å betala direkte til angriparane.

Men dette kosta, og kvar skulle dei ta midlane frå? Ja, det er då dårskapen openberrar seg. Alle fire kongane går til templet i Jerusalem, - ikkje for å be, men for å henta ut verdiar til å kjøpa seg fred

med. Plyndring av Guds hus vart løysinga på problemet. Og i templet var der store skattar.

To ting til ettertanke

Me kan godt merka oss at angrepa mot Herrens hus i GT, ofte føregjekk etter to linjer.

Det eine var at folk fekk inn ting i Herrens hus som ikkje skulle vera der.

Den andre linja var at dei fjerna ting frå Herrens hus som skulle vera der.

Den apostoliske definisjonen på Herrens hus i vår tid er Guds menighet (1.Tim.3,15). Vedrørande fienden sin strategi synest å vera lik.Ingenting vera nytt under sola (Salomo).

Ting vert både ført inn og fjerna i Guds menighet og i dag, - utan at folk syntes å forstå følgjene dette vil føra med seg.

Kongane kjøpte seg fred ved å ofra skattar frå Herrens hus.

Kva skattar har Herrens hus (Guds menighet) i dag?

Dei bibelske sanningane er vel dei dyrebaraste skattane Guds folk er betrudd. Salmisten uttrykkjer at Ordet frå Herren er betre enn tusen stykke gull og sølv.... (Salme 119). Ikkje lite verdiar i det!

Ingen er vel uvitande om åndskampen i vår tid. Me registrerer fiendar og truslar frå mange kantar.

Kva gjer me då?

Ein ting me i alle fall ikkje bør gjera: Ofra skattane i Herrens hus for å oppnå fred med angriparane. Når folk ikkje vil høyra dei gamle bibelske sanningane om synd, dom, vreide, fortaping, den Heilage Gud osv, ofrar me dei ikkje for fredens sak....

Me "ranar" ikkje Herrens hus og ofrar skattane der for å kjøpa fred med verda, korkje den religiøse eller den heidenske verda.

Kongetabbane er ikkje omtalt for etterfølgjing, men heller til vekking og rettleiing. Dei gamle bibelske sanningane har alltid skapt reaksjonar. Herrens trufaste vitne har ofte møtt motstand. Bodskapen som kunne berga folk, vart ofte hata.

Men sanningsvitna la ikkje om for å tilpassa talen etter folkeviljen. Truskapen gjorde at dei som tala, dei tala som Guds ord, uansett reaksjonar. (1.Pet.4,11) Fred og popularitet er ikkje hovedsak for Guds folk i denne verda. Men sanninga tru i kjærleik skal me halda fram skattane i Herrens hus, til frelse for fortapte syndarar og til fornying og oppbyggjing for husfolket.

Alt anna vil vera tabbar.