Utskrift

Av Kjell Furnes

Vi kjenner igjen sitatet frå presten Sakarias sin lovsong i Lukas 1. Den oppmerksomme bibellesar vil merke seg at Gud i sitt ord ofte tek i bruk himmellekamar for å synleggjere sine evangeliske sanningar.

I Sakarias sin lovsong er det sola som blir teken i bruk. Det er lett å forstå at det er Jesu kome som her blir teikna for oss.

Det kom ei profetisk natt over Guds jordiske paktsfolk, Israel. I cirka 1000 år, frå den store profeten Moses og fram til Malaki, hadde profetane forkynt Guds vilje og veg for folket. Så kome det ei natt. Frå profeten Malaki og til døyparen Johannse gjekk det ca. 450 år. Himmelen var taus! Ei mørk til for Israel.

 Men eit løfte var gitt. I den siste helsinga frå profetane i den gamle pakt finn vi: «Men for dykk som har age for namnet mitt, skal rettferdssola renne med, med lækjedom under vengene sine.» (Mal. 4,2) Ei sol – med ljos, rettferd og lækjedom. Det er dette løftet som blir openberra for Sakarias: «På grunn av Guds inderlege miskunn, som let soloppgang frå det høge gjesta oss.» (Luk. 1,78) Ein dag skulle han som «let dødsskugge verte til morgon» syne seg. (Amos 5,8) Og han kom! Den ventande Simon i templet kunne proklamere: «eit ljos til openberring for heidningane, og ein herlegdom for Israel, folket ditt» Så står han der ein dag og kan vitne: «Eg er ljoset for verda!» og «Eg er komen som eit ljos til verda.» (Joh. 12,46)

Men vi merkar oss at han som ljoset frå himmelen berre var på besøk. Dette slår Jesus sjølv fast i Joh.9,5: «Medan eg er i verda, er eg ljoset for verda» Han skulle berre vere her på jord ei kort tid. Men så kan vi spørje: Vart det då heilt mørkt etter at Jesus gjekk heim til far sin? Nei, det vart ikkje det! Ein sein ettermiddag stod vi på toppen av World Trade Senter i New York, ei av verdens høgste bygning. Den raude kveldssola over bydelen New Jersey var dalande, og vart så heilt borte. Men vart det heilt mørkt? Når vi vende oss mot denne verdsbyen såg vi eit hav av ljos. Det var dei millionar av fotoceller som slo inn, og skapte eit lyshav over byen.

Jesus forkynnar slik i si bergpreike: «De er ljoset i verda.» Jesus, Guds sol, gjekk heim, men han etterlet seg ei «lyserstatning» Kven er desse? Jau, det er alle dei som trur på den store «lyskjelda» Kristus, og lever i livssamfunnet med han. Dette blir levande for meg når eg ein mørk, klar kveld tek flyet frå Oslo heim til Sunnmøre. Då kan eg einskilde stader sjå eit lyshav, det kan vere ein by eller ein tettstad. Så kan eg sjå mindre lysgrupper lenger framme i dalen, ja, kanskje berre to-tre lysglimt. Slik er den åndelege situasjonen i landet vårt. Enkelte stader berre nokre få kristne, men likevel: Eit lys for Jesus! Inga bygd er heilt mørk når der bur ein kristen der.

Men Jesus sa meir: «Ein by som ligg på eit fjell, kan ikkje døljast (skjules). La oss be om å få vere klare, brennande lys for Jesus. Verden treng det – bygda og byen din treng det, og naboane dine treng eit lysglimt frå himmelen.