Av Haldis Reigstad

Det var så godt å varma seg i bestemor si krå.
Dei var så gode, skivene, med smør og sukker på.
Eg kjenner enno smaken,
kven kan vel gløyma den?
Å, om eg kunne få ein bit av barndommen igjen.

Eg minnest vel kor bestemor drog av meg våte plagg.
I kjøkkenkråa hengde eg mi einsemd på ein knagg.
Der knitra det i omnen
av nytent vedafyr.
Og gneistane fortalde sine vakre eventyr.

Ho var så glad, ho bestemor, ho prata og ho lo.
Og ingen kunne syngja og fortelja slik som ho.
Eg høyrer enno røysta
med mjuk og lødig klang
Eg kjenner enno varmen ifrå bestemor sitt fang.

I hjarta til ho bestemor var store, lyse rom.
Der var det rikeleg med plass til alle dei som kom.
Ho hadde tid til å lytta
til store som til små.
Det var så godt å varma seg i bestemor si krå.