Jesus leverav Gunnstein Nes

Når Rom 6 talar om ei oppstode og eit nytt liv for oss som trur på Kristus, er det ikkje himmelen eller den nye jord som er i fokus. Det gjeld her og no!

Påskebodskapen er grensesprengjande. At den døde Jesus blir oppvekt til liv tredje dagen, går langt over vårt vit og vår forstand. Endå rikare blir det når vi ser alt som følgjer med denne sanninga. Ved trua og dåpen skal vi ferdast i eit nytt liv liksom Kristus vart oppreist frå dei døde.

Vi skal ikkje halda fram i synda. Langt ifrå!

Vi er døde frå synda!

Vi er foreina med Kristus i hans oppstode – så vel som i hans krossfesting, død og gravlegging.

Gud reknar det slik. Difor skal vi òg gjera det. – Rekna oss som døde for synda, men levande for Gud i Kristus Jesus.

walking-with-jesusSynda er her i Rom 6 personifisert – framstilt som ein forferdeleg herre. Men vi skal ikkje la synda herska over oss, vera slavedrivaren vår. Vi har fått ein ny Herre! Han som presenterer seg som Oppstoda og Livet.

Vi ser at ordet om krossen ikkje berre er eit evangelium om at Gud har gjort noko med synda som skuld, årsak til fordøming. Det er ei gladmelding om at Gud har gjort noko med synda som makt i våre liv.

No kan vi by lemene våre fram til våpen for rettferda. Vi kan tena Gud, bera frukt for han. Slik talar dette veldige kapittel.

Kristus vår stamfar

I Rom 5 ser vi at Gud handlar med oss menneske i våre stamfedrar. Gud såg og handla med oss i Adam. Synd og død råka heile slekta ved hans fall. For ein katastrofe!

Men Gud har sett inn ein ny Adam, ein ny stamfar, Kristus. Han er i 1 Kor 15 kalla den siste Adam, for det trengst aldri fleire. Kristus har sigra ved sin død og ved si oppstode. Og Gud ser det slik at ”når éin er død for alle, så har dei alle døydd. Og han døydde for alle, så dei som lever, ikkje lenger skal leva for seg sjølve, men for han som døydde og stod opp for dei.” (2 Kor 5) Paulus skriv der at dette har dei gjort klårt for seg. Slik er det.

Har du gjort det same?

Reknar du deg som død for synda, men levande for Gud i Kristus Jesus?

Paulus seier at det må vi gjera. Einaste måten å verta fri denne sterke slavedrivar, er å døy. Men den døden har alt funne stad! ”Eller veit de ikkje at alle vi som vart døypte til Kristus, vart døypte til døden hans? - Vi veit at vårt gamle menneske vart krossfest med han.. så vi ikkje lenger skal vera trælar under synda.”

Ny vandring med Kristus

Det er ikkje kjenslene mine som seier dette til meg. Det er Guds ord.

Skal vi øva oss i dette? Seia til synda at dette herre/slave-forholdet er over. - Du baktale, du har ingen rett til å styra meg lenger. Du hat, eg er ikkje din slave lenger. Du pornografi, eg har fått ein ny Herre. Du stoltheit, eg er død for deg – ved Kristi død.

Foreina med Kristus i eit døds- og livssamfunn. Det er vegen i Lammet sine spor.

Foreina med Kristus som greina med vintreet. Det er det som gir frukt.

Ei erkjenning av at utan han kan eg ingen ting gjera. Behov for dagleg relasjon med han.

Verta sterk i Herren og hans veldige kraft.

Utviklinga i landet vårt ropar til oss om å leva det nye livet. Vera lys og salt.

Vi må søkja fornying, vekking og liv.

Vi må innta dei bibelske sanningar om ”kor overvettes stor hans makt er for oss som trur, etter verknaden av hans veldige kraft.” (Ef 1)