av Kjell Furnes

kong salomo

Den oppmerksomme bibellesar vil legge merke til at Jesus Kristus under sitt jordeliv tok i bruk mange slags virkemidler for å synleggjere si gjerning og kallsoppgåve. Det gjekk på teikn – under helbredelse – naturfenomen - forbilder og motbilder. Ikkje minst nytta han forordninger og personer i GT i si forkynning. Men det skulle skje større ting enn dette. .

Ein dag då dei skriftlærde og fariserarane bad om eit teikn nytta han høve å trekkje fram Jonas i storfisken – Jonas i Ninive og dronninga av Saba. (Matt. 12,39 – 42) Her er det då at han mest forskrekkar tilhøyrarane: «og sjå, her er meir enn Salomo»

Var det noko dei skriftlærde kjende til så var det Kong Salomo si tid som konge. Hans 40-årige kongetid var ei glanstid i Israel. Landets areal var på det største som historia kan stadfeste. Grensene låg opp til det som Gud i si pakt med Abraham fastsette i 1. Mos. 15,18. Ei konsolideringstid av velstand – og ikkje minst: Det var fredstid.

Jesus visdomKongen sjølv markerte seg som den største vismann på på si tid, og tida deretter. Folk kom frå dei fjernaste områder for å sjå Salomo sine byggverk, beundre landet sin velstand og lytte til kongens visdom. Jau, var det noko folket kjende til så var det Salomo og hans kongetid. Og så får dei høyre: Her er meir enn Salomo!

La oss då sjå litt på Salomo si kongetid, hans utrustning – hans liv og byggearbeid. Kunne det bli større det som Jesus skulle føre fram? Det han representerte? I 1. Kong.10,1 kan vi lese om at dronninga av Saba «høyrde gjetordet om Salomo» (Salomos ry) og at ho reiste «for å setje han på prøve med gåter.» Det er fint med eit godt rykte. Det blir sagt «at rykte går vidare enn mannen», men det er dessverre ofte dei dårlige ryktene som dominerer. Eg er glad for at eg er av dei heldige som frå min brandom fekk høyre om ein person «med godt ry» Mor og far fortalde meg om Jesus, barnas venn. Dei fleste som veks opp i dag får dessverre ikkje høyre om han. Må Gud vekkje opp både foreldre og styresmaktene for dette tapet for dei unge.

Kva fekk då dronninga sjå og oppleve hos Salomo? Ho fekk m.a. oppleve hans visdom. «Salomo hadde større visdom enn alle austmennene og alle egyptarane. Han var visare enn alle menneske» (1. Kong. 4,30) Men Jesus sa: Her er meir enn Salomo! Den visdom som stig fram og blir openberra i Jesus Kristus overgår på alle område det som denne verden kan vise fram. «Kvar har han slik visdom frå,--» spurde dei lærde i synagoga i Nasaret. «Han som for oss har vorte visdom frå Gud» (1. Kor. 1,30) Ja, korleis synleggjer då Kristus sin visdom for oss? La oss nemne på tre område berre kort:

  1. Gjennom skapningsakta. I Ord. 8 blir Guds son presentert som visdomen. Frå v. 22 blir så skapningsakta teikna for oss og i v. 30 vitnar visdomen slik: «Då var eg hjå han som kunstnar». Tenk på dette! Då Gud skapte det heile, jord og himmel, det synlege og det usynlege, då var Sonen kunstneraren som stod bak det heile. Ein kunstnar er ein som formar ut frå sin fantasi, sin visjon, vilje og intelekt. Gud skapte etter Sonens disign.

  2. Guds visdom i Kristus openberra i korset og forsoninga. Eit lite barn fødd i ein stall i Betlehem. Eit karrigt utgangspunkt. Frå austen kjem tre vismenn. Lærarar i astrologi og medisin. Dei fall på kne å tilba barnet. For eit vitnemål! Verdens visdom bøye kne for Guds visdom synlegjort i eit lite barn. Men så skjedde det at verdens visdom kollliderer med Guds visdom. Paulus brukar to kapittel for å synleggjere denne kollisjonen. (1. Kor. 1 og 2) På Golgata lydde det: «La han stige ned av krossen så skal vi tru på han». Den krosslause kristendom, den blodlause teologi den har verdens visdom ingenting imot. Men Gud såg lenger. Korset var det einaste alternativ som kunne frelse slekta. Guds visdom i Kristus.

  3. Visdomen i Kristus – som fører til det gode liv her på jorda. I Jak. 3, 13 flg. talar Ordet om bitter misunning og sjølvhevding i hjarta, osv. «Ikkje er dette den visdommen som kjem ovanfrå, men han er jordisk, sanseleg og djevelsk.» Sterke ord. «Men den visdomen som kjem ovanfrå, er fyrst og fremst rein, dernest er han fredsæl, rimleg, føyeleg, full av miskunn og gode frykter, han gjer ikkje skil, han hyklar ikkje.»

Guds visdom openberra i Kristus. Den overgår på alle område den visdommen som den kloke Salomo kunne vise fram. Jau, sanneleg: «Her er meir enn Salomo»