av Kjell Furnes

 

Salomos tempel bygging

Vi skal i dag sjå nærmere på Jesu påstand i samtale med dei skriftlærde og fariserarane der han slo fast: Her er meir enn Salomo. Korleis kunne han det?

 

Kunne det framvisast noko større enn Salomo i hans visdom, rikdom og hans fantastiske byggverk? I første artikkel såg vi Kristi visdom samanlikna med Salomo i hans visdom. Mykje kunne seiast om dette, men vi nemnde berre kort Kristi visdom i skapingsakta, i korset og forsoninga og hans visdom for det gode liv her på jord.

 

Det var mykje som vakte undring hos Dronninga av Saba, m.a. det fantastiske byggverket som var reist. Men er der då eit byggverk i Kristus som overgår dette? Ja, sannleg!

Gud byggjer

levende steinerGud er i gang med eit viktig byggverk. Stefanus slo fast: «Salomo bygde eit hus åt han. Men den høgste bur ikkje i hus som er gjorde med hender» (Apgj. 7,47) Ei ny bygning for Gud, men ikkje forma av menneskehender. Korleis er den bygd opp?

Det er viktig med fundamenteringa for ei bygning. Guds Ord åtvara sterkt mot å bygge på sand. Det kan bli ei katastrofe. Også Salomo var nøyen med dette. «Og kongen baud at dei skulle bryta store, kosesame steinar, så grunnmuren under huset kunne leggjast av hoggen stein.» (1. Kong. 5,17) Dyre steinar – godt forma og tilpassa for bygninga.

Er Gud like nøyen med fundamenteringa av si bygning? Ja, høyr berre: «Bygde opp på grunnvollen til apostlane og profetane, og hjørnesteinen er Kristus Jesus sjølv.» (Ef. 2,20) Her finn vi grunnmuren for Guds bygning. Hjørnesteinen er Kristus. Det gudsliv, den kyrkje, det misjonsarbeid som ikkje er tufta på Kristus som hjørnestein er falsk og vil få oppleve ei katastrofe. Det er å bygge på sand. Med profetisk lys fekk profeten forkynne dette mange hundre år før: «Sjå, eg har lagt ein grunnstein i Sion, ein prøvd stein, ein dyreverdig, fast hjørnestein. Den som trur ,hastar ikkje.» (Jerm. 28,16)

Heile Skrifta

Bygde opp på apostel og profetgrunnvoll. Det er ein del kristne som ikkje har syn for GT. Nei, dei vil halde seg til NT. No har eg vore ein interessert bibellesar i over seksti år og eg har fått oppleve at der er ein indre, harmonisk harmoni i heile skrifta. Heile Bibelen er innanda av Gud. Derfor vil Gud reise si bygning både på profetane og apostlane. Legg merke til at templet vart bygd på «hoggen stein». Steinane var tilpassa, dei skapte ein heilskap. Skrifta skaper også ein heilskap. «Dyre steinar» Vart grunnvollen for Guds bygning i Kristus dyr? Ja, sannleg! Det var berre ein av apostlane som ikkje gav sitt liv for evangeliet.

Men så skulle Gud reise ei bygning på denne grunnvollen? Korleis gjorde Salomo det? «Då huset vart reist, vart det bygt av heile steinar frå steinbrotet.» (1. Kong. 6,7) Så kan vi gå til 1. Pet. 2: Her kallar Peter menneske til å kome til den levande steinen (Kristus), vraka av menneske, men utvald og kosteleg for Gud. Så kjem det: «og vert sjølve oppbygde som levande steinar til eit åndeleg hus, til eit heilagt presteskap til å bera fram åndelege offer.» «Oppbygde som levande steinar» Salomo bygde med heile steinar frå steinbrotet. Du som les dette har din bakgrunn, men eg kan vitne at då eg var sytten år så møtte Gud meg på ein tydeleg og sterk måte. Han tok meg ut av «verdens steinbrot», skapte nytt liv i ungguten og sette meg inn i sitt tempel, si bygning av levande steinar. Det skjedde noko nytt! Eit nytt liv, nye interesser, nye venner – ja, alt vart nytt. Slik byggjer Gud si bygning i dag. Når han får frelse syndarar, tilgi og rense dei i Jesu blod, plasserer han dei i si bygning, Jesu Kristi sanne kyrkje på jord . For ei ære – for ein velsignelse, å vere ein levande stein i Guds bygning.

Men vi merker oss ein detalj til: «Ein høyre korkje hamar eller øks eller noko slag reiskap av jern i huset då det vart bygt» (1. Kong. 6,7b) Du kan møte menneske, særleg i vekkingstider, dei vil også kome til Jesus, men dei «må flikke på seg sjølv først». Dei vil bruke «hamar og øks» for å få bort dei verste kantane og unotane. Dei vil bli meir presentabel for Gud. Men det nytta ikkje. Guds har forkasta det gamle menneske. Det er ubrukeleg som frelsesmateriale. Gud frelse syndaren av blank nåde. Alt av nåde!