Av Kjell Furnes

Vi kan lese slik i Matt. 26,36: «Så kom Jesus med dei til ein stad som heiter Getsemane.»

Så kom Jesus! Heile Jesu jordeliv var eit liv på vandring. Og vandringa hadde eit mål: Tilbake til plassen ved Faderens høgre hand i himmelen. Det var den han forlet da han tok ein tenars skapnad på seg og kom i likning med menneske. Gud openberra i kjøt!

No var han på veg tilbake, men han skulle innom fleire «stasjonar» - Getsemane, Gabbata og Golgata.  Vanskelege og smertefull stasjonar. Men målet var klart: Himmelens trone! Han hadde nett forlete nattverdsalen. I nattverdsalen forkynte han noko nytt: «For dette er mitt blod, paktblodet i den nye i den nye pakta, som vert utrent for mange til forlating for syndene.» (v.28)  Ei ny pakt og eit nytt blod!

I fleire hundre år hadde øvstepresten på den store forsoningsdagen gått inn i det høgheilage og skvetta blod av eit feilfritt lam på nådestålen. Til soning for sine eigne og folket sine synder. Forordninga var forsegla i den gamle pakta frå Sinai. Men no skulle det skje noko nytt. Jesu blod i den nye pakta. Ein ny nådestol! Paulus forkynner slik: «Han stilte Gud fram i blodet hans som ein nådestol ved trua.» (Rom. 3,25) Det var dette nye budskapet Jesus la fram for sine venner på salen.

Men det skjedde meir på salen. I vers 26 leser vi: Medan dei no heldt måltid, tok Jesus eit brød, signa det og braut det, gav læresveinane og sa: Tak, et! Dette er min lekam.» Ikkje berre ei ny blodspakt, men ein ny lekam. Kor dette forkynner om Jesu store frelsesverk! Han gav alt! Både sitt blod og sin lekam på Golgata kors. «Han tømde si sjel til døden.» (Jes. 53,12)  Jesus tok eit brød! I den gamle pakt vart det bestemt at to brød skulle førast fram – to svingebrød. (3. Mos. 23,17) Men no skulle det berre brukast to. Kvifor? Ef. 2, 14: «For han er vår fred, han som gjorde dei to til eitt og braut ned gjerdet som skilde dei, fiendskapen.» Dette gjorde Gud «for i seg sjølv å skapa det to til eit nytt menneske» (vers 15) Skape to til eit nytt menneske. Ved Jesu offer vart både jøde og heidning sameina til ein lekam, Jesu Kristi sanne kyrkje.

Går vi til Luk. 22 finn vi eit nytt og vakkert trekk frå samlinga på salen: «Han sa til dei: Eg har lengta inderleg etter å ete dette påskemåltidet saman med dykk før eg skal lida.» (vers 15) Korleis kunne Jesus gi til kjenne slik lengsel til dette måltidet? Han visste kva som no låg føre. Snart skulle alle vennene hans ta på rømmen. Snart skulle han gjennom tortur, hån og krossfestelse. Likevel lengte! Svaret ligg vel i neste vers: «Eg kjem aldri til å eta det før det har vorte fullenda i Guds rike.»

Jesus såg forbi korset, og fram til resultatet. Han såg fram til at han ein dag skulle få presentere den blodkjøpte brudeskaren der heim hos far sin. «For å oppnå den gleda som venta han, leid han krossen med tolmod, utan å akta vanæra, og har no sett seg ved høgre sida av Guds trone.» (Hebr. 12,2) Der er han i dag, men skal tru om han ikkje også i dag lengtar etter å få møte bruda si?