Av Per Hilleren

Eg tenkjer på ordet hjå Peter om levande steinar som er utvalde til eit åndeleg hus. Som kristne menneskje er vi som steinar som blir lagde til rette i muren til eit einaste Guds rike i verda. Nå vil eg ikkje her nemna noko om dei ymse ting korkje ved steinane eller byggverket, men eg tenkjer på at det er lagt omfer etter omfer i muren. Og det rimelege er at den snart er komen høgt nok, at den snart skal slutta av. Korleis murer vi i dag, korleis er materialet til vår omfer i muren?

Nå veit eg vel at vi kan skyta ansvaret frå oss og seia at byggverket er Guds, at det er Jesus som har forma materialet, og at han er byggmeisteren. Det er sant nok, men der er ei onnor sanning og. Gud bygde også eit rike på jord i lova og profetane si tid. Men då han gjennom Moses skulle til å byggja det huset, ga han jødane eit veldig ansvar. Dei skulle krevjast til rekneskap for det resultatet dei ein gong ville visa fram. Og resultatet var at Johannes sto der og profeterte at huset skulle rivast ned. Eller med reine ord; treet skulle hoggast av. For her var riket samanlikna med eit fikentre. Det var ikkje Guds lov det var noko i vegen med. Det var med mennesket som sto fritt ved vegskilet til å velja undergangens eller livets veg. Dei gløymde Herren sin Gud så grundig, at Jesus gråt då han såg utover deira framtid. Han såg avslutninga av deira omfer av muren, slik at den nye generasjonen ikkje kunne førast innpå den. Det var folkets synder som stogga opp det heile.Nå har vi i to tusen år bygd på evangeliets hus. Og det er meir enn underfullt å sjå på dette byggverket i bolk etter bolk, i generasjon etter generasjon. Det er den rike misjonstid og vekkingstid, i land etter land, i verdensdel etter verdensdel, til huset i dag fullendar mynstret av «svarte og gule» steinar.
Men Europa, kvar går du? Noreg, kvar går du?

For hundre og femti år sidan kom byggmeisteren på ein spesiell måte og såg på råmaterialet i det norske fjell. Og han fann det godt brukande. Han sende ein jordisk engel med himmelsk ånd til steinbrotet. Han heitte Hans Nielsen Hauge, og gråsteinsberget var det norske folk. Etter kvart samla det seg mange arbeidarar både i steinbrotet og ved bygget. Meisteren fekk trufaste og gode handtlangarar, og huset skaut vekst. Desse hundre og femti år var samanhengjande bylgjer av vekkingar. Livet grodde i norske byar og bygder. Tusener av ungdom kom i meisterhanda og fekk si form og si finpussing. For ei tid! Og for ein vår! Og her var gudfryktige menn og kvinner. Her var bibellesing, song og bøn. Ungdom vart opplærd i gudsfrykt og sanning.

Fram til vår generasjon.
Ein når ingen veg ved å vera svartsynt, og heller ikkje ved å klaga på tidens ungdom. Og likevel – eg er redd, redd at det ikkje blir lett å koma attpå slik som vi i dag avsluttar omfera vår i muren.
Det er sant at bruset av livet er sterkt i dag. Jaget er stort. Som murstein kviler mange av oss dårleg på underlaget. Vi trur vel på Gud, men meir på pengane. Vi manlar ro og harmoni. Ein kan merka svikt i overgjevinga til Gud. Mange kristne lever sitt kristenliv utan frelsesvissa.
Framsida på steinen, ansiktet ut mot verda er skjemd av verdslegdom. Det vitnar ikkje alltid om kjærleikens ånd, fred og glede. Det er kunstig religiøs fred og åndelegt tala sminka hud.
Og bønelivet og bibellivet vårt, gudslivet bak kulissene, det skjulte liv i løynromet, får det prega vårt liv? Innsida av steinen – er den forma av meisterhanda?

Eg minnest gamlelesarane for 34 år sidan, då eg sjølv som unggut kom med mellom dei frelste. Eg minnest dei sat der og tala om dei ting som høyrde til Guds rike. Så las dei Ordet, og så bad dei saman rundt kveldsbordet. – Eg kjem inn i eit lesarselskap i dag. Det hender ein blir sett til eit overdådig bord. Dei diskuterar organisasjonar, politiske spursmål, fortel vitsar, syng eit fattig bordvers om mat, og resten av samværet går bort i røyk, ja, bokstaveleg talt i røyk. Og ein går heim fattig og arm – og redd.

Eg kjenner ei frue frå denne fløyen. Nokså moderne og kristeleg, men hennar ansikt vitnar ikkje om Meisteren. Eg kjenner mor hennar. Misjonskvinna og sjelesyrgjar og Jesus-elskar. Hennar fine makt held dottara ennå fast.

Men eg kjenner dotter hennar att – i tredje generasjon. Nyleg sat eg til bords der. Smågjenta, altså generasjon fire, sju år gamal, ho tende sigaretten for mora ved kaffibordet, men dei falda ikkje hendene til bordbøn. Smågjenta kjende ikkje Jesu namn. Tre generasjonar er nok til å bli heidningar.

Korleis legg med grunnen til rette for den nye slekt? Mange er opptekne med å finna ei fin form for underhaldningskristendom, så dei kan lokka ungdomen inn på gode vegar. Tusenvis av kristne heimar flyt over av lettsindige magasiner, og bokhyller som dei sikkert ville ha breidd klede over, dersom dei hadde venta Jesus på gjesting. Du ser ingen bibel i nærleiken, men oskebeger er det rikeleg av over alt. Og dei sukkar: - Ungdomen vår vil ikkje det som godt er. Det er berre kino og dans og rangel. Men vi får vona at dei vaknar ein gong.

Du halvverdslege kristelegreligiøse far og mor, vend om! Vend om til eit liv for Guds åsyn! Finn dei fine spor inn att til Golgata, der du møter ein levande Frelsar. Søk denne Frelsar på nytt, og lat han få samla di spreidde sjel og frelsa den saman att til ein kristen sjel.

Den nye generasjon, den unge slekt, dei treng nokon som går føre seg og legg rette farvegar for føtene sine. Dersom preik var nok, ville det stå bra til, men preik hjelper ikkje lenger. Det einaste som hjelper er menneskje som lever Kristus og viser i heile si ferd: For meg er livet Kristus. Det er medisinen som den sjuke tida treng. Og billigare kan vi ikkje gjera det.

Gud hjelpe oss alle!