Av Kjell Furnes



Gud har i si omsorg og kjærleik kledt sine barn i forskjellige kledningar. Det går både på dette livet og det evige. Vi kan her ta på tre.

Bryllupskledning
Du hugsar han som møtte opp utan bryllaupskledning. Han var ikkje naken, men han hadde ikkje den rette kledning. Han stod i si eiga drakt. Det er mange som vil stå for Gud i si eiga drakt, sin eigen kristendom. For Guds auge står dei som nakne. Det alvorlege er at eit menneske kan med all sin iver, gjerningar og religiøsitet bli ståande naken fram for den tre gonger heilage Gud. «Han seier til han: Ven, korleis er du komen inn her utan bryllaupsklede? Men han tagde.» (Matt.22,12)

Dette har Gud ordna. Når eit menneske vender om og tek imot Jesus, då kler Gud vedkomande i ei drakt som syndaren kan stå for Gud i. «Sjå, eg tek misgjerninga di bort frå deg og kler deg i hødtidsklede.» Dette var det øvstepresten Josva fekk forkynt. (Sak. 3,4) Og profeten kan juble ut: «Eg vil gleda meg i Herren, mi sjel skal fryde seg i min Gud. For han har kledd meg i frelsesdrakt, i rettferdskappa har han sveipt meg.» (Es.61,10) La oss vere med å fryde oss som profeten.

Åndelege karaktertrekk
Den andre kledinga er den som vi kan kalle ein kristen sine åndelege karaktertrekk. Det er den kledinga som naboen din ser deg i. Vi ber på fallets lov i vår lekam. Vårt kjøt vil ikkje tene og ære Gud. Skal vi då berre la dette skure? Eg merkar med uttrykket «antinomianisme . Det kan vel forklarast slik: «Eg er frelst av nåde – pris skje Gud, eg lever som eg vil.» Men slik forkynner ikkje Guds ord for oss. Legg merke til at når folket skulle forlate Egypt så var det noke som skulle ligge igjen. Det syrte brødet. «Deigen var ikkje syrt, fordi dei var drivne ut av Egypt.» (2. Mos. 12,39) Du som trur på Jesus er også «driven ut av Egypt». Du er i verden, men ikkje av verden. Du er født inn i livssamfunnet med Kristus.

Kva seier då Ordet om dette? Paulus forkynnar slik: «- når det gjeld dykkar tidligare ferd, må de no leggja av det gamle menneske, som er forderva av dei forførande lystene, og verta fornya i dykkar ånd og sinn. Og kle dykk i det nye mennesket, som er skap etter Gud med den rettferda og heilagdom som er av sanninga.» (Ef. 4,22-24) Leggje av det gamle menneske – fornya i ånd og sinn og kle oss i det nye menneske. Dette er vegen til å leve eit godt liv, til ære for Jesus og til velsignelse for  våre medmenneske. Og til Kolossarane forma Paulus det slik: «Lyg ikkje på kvarandre! De har då kledd av dykk det gamle mennesket med dei gjerningane det gjer, og kledd dykk i det nye mennesket, det som vert fornyna til kunnskap etter hans bilete som skapte det.» (Kol. 3,9-10) Kledd av det gamle – kledd i det nye! Vegen til eit heilagt liv for Jesus.

Skinnande fint lin
Så var det den tredje kledninga. I Åpb. 19 finn vi at i Lammet sitt bryllaup er bruda kledd slik: «Det er gjeve henne å kle seg i reint og skinnande fint lin.» Kva slags kledning er dette? Rettferdsdrakta? Nei, no er vi blitt gjort lik Jesus (1. Kor. 15, 52 – Filp. 3,21)  Reisedrakta? Nei, den ligg igjen  i    grava. Du kan lese slik: «For det fine linet er dei rettferdige gjeningane åt dei heilage» Her står vi ved æva si store openberringsakt. Kva vil den avdekke for oss? Det blir sagt at Jesus lekamleg hadde med seg fem ting frå sitt jordeliv, nemleg dei fem såra han fekk på korset. Eg trur det er rett det.

Men kva vil ein kristen få med seg? Rikdom – ære,  sosial status? Ein fin tittel? Alt dette vil bli liggande igjen. Det einaste ein kristen får med seg er dei kjærleiksgjerningane han fekk gjere for Jesus og sine medvandrarar. Her omtala som «skinnande fint lin.» Det blir ein underleg dag då Guds folk skal fram for Kristi domstol og «få att det som er verka ved lekamen.» (2. Kor. 5,10) Men ein ting er sikkert: Der blir ingen misunning i himmelen.