Av Svein Børtveit

Og ho fødde son sin, den fyrstefødde. Ho sveipte han og la han i ei krubbe,
for det var ikkje rom åt dei i herberget.
Luk 2,7.

Bortsett frå éin stad i Jobs bok, er ordet krubbe brukt berre to gonger i Bibelen. Og begge gongene er i Lukas 2 – midt i juleevangeliet. «Ho sveipte han og la han i ei krubbe», heiter det først, og litt seinare «De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe». Og så kan vi no ta med eit par ting som det ikkje står også: Det står ingen ting om at det var ei ein stall, – eller i ein flor, som vi ville sagt. Heller ikkje at det var kyr eller oksar eller andre dyr der. Det står ikkje ein gong at det var inne i noko form for hus. Kanskje var det rett og slett ute! Men det som står, er altså at han blei lagt i ei krubbe – eller ei gjøta eller brya som er andre namn på akkurat det same. Eit slags møbel eller innretning som er laga for å leggja høy og anna mat til dyra, oppi.

Går det an å tenkja seg noko uslare og meir fattigsleg? Eg kjem ikkje på noko.

«Halm og høy det var hans krybbeleie,
ødemarken var hans bønnested.
Han som jord og himmel har i eie,
vandret hjemløs her ved Jordans bredd.
»

Ja slik er det sagt i ein song som prøver å formidla dette paradokset at han som har heile verda i si hand, berre fekk ei krubbe til leie då han kom her til denne vesle planeten vår. Ein annan forfattar seier det slik:

«En krybbe var vuggen som ventet ham her,
det lille barn Jesus, vår Frelser så kjær.
Men stjernene lyste helt inn der han lå,
det lille barn Jesus, på leiet av strå.

Så enkelt og stille kom Gud til vår jord.
Så høyt er jeg elsket av Jesus, min bror.
Han kom fra Guds himmel, Gud selv var han lik,
men Jesus ble fattig, og jeg er blitt rik.
»