Lærdomar frå kongetida
av Audun Hjellvik
Bibelen er ikkje berre ei tjukk bok.
Den er og ei glitrande Guds bok til oss full av lærdomar av ulikt slag. Den gudinspirerte apostelen Paulus skriv til dei heilage i Rom at alt som er skrive før, er skrive oss til lærdom (Rom.15,4). Pensum for oss i «Himmelrikskulen» er stort og verdifullt. (2.Tim.3,16-17). I lys av dette vert GT meir enn interessant.
Og i dag tek me ein snartur innom kongetida. Asa, Joas, Akas og Hiskia (Esekias) er fire svært ulike kongar som styrte i Sørriket i periodar innanfor tidsrommet frå ca 910 til ca 685 f. Kr. Alder, regjeringstid, bakgrunn, karakter og omtale varierte, men det er eit felles trekk med desse fire, – som ein kan undra seg over. Alle fire kjem opp i vanskar, og alle fire prøver løysa problema på same måte. Ingen av dei spør Herren om vegleiing eller hjelp. Ser ut som dei ville ordna opp sjølve, og då vart løysinga både galt og vondt.
Problema desse fire kongane møtte, var forbunde med truslar frå fiendefolka rundt dei. Ikkje spøk når fienden synest vera både større og mektigare enn ein sjølve. Korleis då unngå katastrofe?
