HER ER MEIR ENN SALOMO (I)
av Kjell Furnes
Den oppmerksomme bibellesar vil legge merke til at Jesus Kristus under sitt jordeliv tok i bruk mange slags virkemidler for å synleggjere si gjerning og kallsoppgåve. Det gjekk på teikn – under helbredelse – naturfenomen – forbilder og motbilder. Ikkje minst nytta han forordninger og personer i GT i si forkynning. Men det skulle skje større ting enn dette. .
Ein dag då dei skriftlærde og fariserarane bad om eit teikn nytta han høve å trekkje fram Jonas i storfisken – Jonas i Ninive og dronninga av Saba. (Matt. 12,39 – 42) Her er det då at han mest forskrekkar tilhøyrarane: «og sjå, her er meir enn Salomo»
Var det noko dei skriftlærde kjende til så var det Kong Salomo si tid som konge. Hans 40-årige kongetid var ei glanstid i Israel. Landets areal var på det største som historia kan stadfeste. Grensene låg opp til det som Gud i si pakt med Abraham fastsette i 1. Mos. 15,18. Ei konsolideringstid av velstand – og ikkje minst: Det var fredstid.