Fra vekkelsen i Oslo 1905
Ein av dei siste dagane i januar 1905 kom Albert Lunde til hovedstaden. Sundagskvelden 12. februar heldt han det første møte i bedehuset i Hausmannsgata. Huset var nærpå fullt. Mandag auka samlingi, og tysdag var huset for lite – folk stod ute i gardsromet endå det var midt på hardaste vinteren. Den kvelden hadde forstandar Tallaksen i frikyrkja møtt fram. Han sat på ein av dei fremste benkjene med det kvite skjegget nedover bringa – skinnhua hadde han hengt på den lange staven sin. Lunde gjekk ned og spurde um han vilde opna møtet, men Tallaksen sa nei. Teksten den kvelden var ordet frå Joh 12,21: «Vi vilde gjerne se Jesus.» Etter talen kom Tallaksen upp til Lunde: «Eg kunde godt ha slutta, hadde eg visst korleis talen vilde bli.»