Jødisk påske
Av Erene Solsvik Bruvik
Medan kristne feirar påske til minne om Jesu død og oppstode, feirar jødane påske slik Jesus sjølv og disiplane hans gjorde: Til minne om at israelsfolket vart fridd ut frå slaveriet i Egypt for meir enn 3.000 år sidan. Det måltidet som kristne kjenner som Jesu nattverdsmåltid, var i røynda eit jødisk påskemåltid.
