Som ein god og stødig stav Gud i mor si han den gav,
til eit våpen i dei harde, tunge år.
Han er sliten, tårevåt, dogga titt fra hennar gråt –
Han har lært meg om min Frelsars blod og sår.
Trøysta frå den gamle bok alltid varmt om hjarta tok,
jaga hjarteverk og sjeleangsten bort.
Ja, den heldt i mørkast stund. Den gjev trøyst i dødens blund.
Den skal halda når eg står for himlens port.
Å, kor vel eg minnest mor. Ho meg lærte livsens Ord.
Bad meg leva som ein Josef for min Gud.
Mose gror på hennar grav, men den bibel ho meg gav,
er ei lykt for meg når lyset mitt går ut.