Kven kan gløyma dei fjordar og kvitkrona fjell,
gløyma skogar som syng, og dei fossande vell?
Kven kan gløyma lider med lauvtre i brand?
Kven kan gløyma det gode og allfagre land.
Her er velde og villskap og ynde og ro.
Her er angande fjellblom på fly og på mo.
Kven kan gløyma det herlege vårfugle-kor?
Kven kan gløyma den draumande nattsol i nord?
Her skein lyset frå himlen i hudretals år.
Enno fridom og fredstid i landet vårt rår.
Å, mitt folk, de som byggjer ved høgfjell og hav,
me må lova vår Gud for det landet han oss gav!
Trygve Bjerkheim.