Vi vil nå helst leite etter andre vegar sjølv. Vi vil helst finne vår eigen veg. Nokre vil streve med gjerningar. Vi hugsar kanskje fortellinga om Luther som klatra oppetter trappene i katedralen for å tilfredsstille Gud. Eller fortellinga om avlatshandelen. Og vi veit om menneske i dag som ofrar dyr, kvinner og barn og blir sjølvmordsbombarar for å finne sin veg til Gud. Men Gud har altså ordna det på denne måten, og då gjer vi vel i å lytte. Lytt til historien om at Gud elska – og la det få konsekvensar direkte inn i ditt liv. Sei takk – så kan du både leve og døy på det i evig trygghet.
Frelse eller fortaping
Det er grunn til å fokusere på at Jesus hadde tru på at det var både himmel og helvete og at det var hans verk som åpna vegen til himmelen for dei som vil dit. Her er kontrasta som er så store at vi vegrar oss for å halde dei fram. Himmelhåpet gir grunn til å sjå lyst på framtida, sjølv om vi opplever trasige ting her. Fortapinga slik den er omtala i Guds ord er grusom.
Vi kan ikkje gjere det som skal til for at saka skal vere i orden med Gud. Viss du vil prøve på den vegen går du deg fast. Eg har difor landa slik som det står i songen: Mitt eneste håp det er at nåden gjelder, at det er Kristi frelsesverk som teller ….
Bibelen fortel meg også om ein Gud som heile livet vårt står og rekker ut hendene sine. Han seier kom! Kom i dag. Ung eller gammal, frisk eller sjuk, rik eller fattig – kom! Kom med dine plager, di synd og dine ressursar. Kom til Jesus for å få evig liv! Denne lengten har Gud lagt ned i kvart menneske. Salme 42 beskriv det slik: Slik hjorten skrik etter rennande bekker, slik skrik mi sjel etter deg, Gud. Mi sjel tyrstar etter Gud, etter den levande Gud.
Også deg
Men Guds kjærleik gjeld altså alle – og dermed også deg. Nettopp du er elska av Gud. Uansett kva du finn på å nemne som hindrar deg frå å kome til Jesus. Også deg elskar han med ein evig kjærlighet.