Vegen inn til Gud
Av Helge Gunnar Byrkjeland
Eg får ikkje til å tru – at ei tilfeldig utvikling har greidd å få naturen så fantastisk slik me ser han omkring oss:
– Eg fattar ikkje korleis sommarfuglen av seg sjølv kan ha fått det fine fargespelet i vengene.
– Korleis kan me menneske ha vorte utrusta med slik ein fantastisk kropp.
– Eller ikkje minst, korleis har me vorte utrusta med evne til å tenkja og til kjenna glede, sorg, sinne osv..
– Eg fattar ikkje korleis ein eksplosjon for meir enn 13 milliardar år sidan skulle kunna føra oss, og alt i tilveret, til den staden me er i dag.