NOREG
Dette vakre og vide og veldige land!
I den vaknande vår og i hausten sin brand,
i den sollyse sumar, i vinterens famn
vil me takka for landet, og kviskrar eit namn.
Dette namnet er NOREG,- det syng i vår barm.
Me det minnest, og hugen vert underleg varm.
Me ser fjellheimen vill, me ser skogbygdi still,
i den frostklåre vinter, i vårdagen mild.
Her hev Skaparen ødsla so rikt og so raust,
her er skiftande formar i vest og i aust.
Her er storlagde syner i nord og i sud.
Jotunheimar og Trolltindar høglovar Gud.
